Fora Form vert tildelt Næringsprisen 2023

Logo Fora form - Klikk for stort bilete Fora Form

I formannskapet 14. november vart det avgjort at Fora Form får Ørsta kommune sin næringspris for 2023.

Fora Form er ei bedrift med lang historie i Ørsta, i ein bransje med lange og rotfesta tradisjonar på Sunnmøre. 

Fora Form er med sine om lag 40 tilsette framleis ein hjørnestein i industribygda Ørsta. I 2019 fylde bedrifta 90 år. I desse åra har dei gjennomlevd store omveltingar og utfordringar innan møbelindustrien. Fora Form har halde fast på ein strategi med satsing på møblar til offentlege rom og bedriftsmarknaden – og med ei kompromisslaus satsing på god design, innovasjon og kvalitet. I denne markanden har Fora Form vorte ei føregangsbedrift. Det er ei sterk merkevare innan interiør og utsmykking av alt frå forsamlingslokale og møterom til flyplassar. Fora Forma er den verksemda som har hausta flest designprisar i Norge, uansett bransje. Produkta frå denne Ørsta-bedrifta er å finne nesten over alt i landet og er sterkt representert i utlandet også. Til dømes er mykje av møbleringa på Gardermoen frå nettopp Fora Form. 

Ei av styrkene til bedrifta er ein stabil og kompetent arbeidsstokk. Stabiliteten er ikkje berre ein fordel for bedrifta, det er også eit teikn på at Fora Form har lykkast med å skape eit godt arbeidsmiljø.  

 Difor er det vel fortent, og på høg tid, at Fora Form får Ørsta kommune sin næringspris. 

Prisen vert utdelt på kommunestyremøte 14. desember 2023. 

Vi gratulerer Fora Form med prisen!!

Fora Form - Klikk for stort bilete Fora Form

Følg oss