Folkehelseoversikt for Ørsta kommune

Folkehelse.jpg

Samfunnet sin viktigaste ressurs er innbyggjarane si helse. Med ny folkehelselov 01.01.2012 kom kravet om å ha oversikt over folkehelsa. Krav til innhald i rapporten er definert av Folkehelseforskrifta.

Kapitel 2 i statusrapporten er gjengitt under.

Status syner følgjande hovudutfordringar:

1.    Fleire born og unge har psykiske belastningar i form av at dei bekymrar seg, føler håpløyse, er stive og anspente og uroa over ting.

2.    Forventningane i befolkninga til kommunal tenesteyting er større enn det kommunen har ressursar til å gje. Endring i befolkningssamansetning og sjukdomsbilde krev å finne ein god balanse mellom tradisjonell kommunal tenesteyting og tilrettelegging for å ivareta eiga helse.

3.    Integrering av innflyttarar, innvandrarar, låginntektsfamiliar og andre vanskelegstilte grupper.

Kva bør ha fokus framover?

·         Tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats for å utjamne sosial ulikskap i helse

·         Tverrfagleg samarbeid for å fremje psykisk helse og førebyggje mobbing og rus

·         Styrke foreldre- og føresetterolla

·         Styrke samarbeidet med frivillig sektor.

·         Aktiv aldring (fysisk, psykisk, sosialt og åndeleg)

·         Å fremje helse gjennom frisklivstenking, meistringsstrategiar og kvardagsrehabilitering

Nokre konkrete tiltak kan være:

·         Godt kvalifisert og nok personell i barnehagar og skular

·         Etablere frisklivssentral med lågtersel tilbod oppmot livsstilsjukdomar og psykisk uhelse

·         Kommunepsykolog for å styrke psykisk helse

·         Trygg ferdsel til skule og aktivitet (gang- og sykkelveg samt lyssetting for å førebygge ulykker og fremje           aktivitet)

·         Styrke lågterskeltilbod gjennom helsestasjons- og skulehelsetenesta

·         Definere konkrete folkehelsemål i dei ulike verksemder i kommuneorganisasjonen og rapportere på                 måloppnåing i årsmeldinga.

 

 Statusrapport over helsetilstand og påverknadsfaktorar i Ørsta 2015

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss