Funksjonshemma sine rettigheiter som menneskerettigheiter og som ein del av FNs berekraftsmål
«Sjølv om rettigheitene i konvensjonane for menneskerettane gjeld for alle menneske, veit vi at funksjonshemma vert ekskludert frå mange viktige områder i samfunnet, som utdanning, helse og arbeid. Difor oppretta FN ein eigen konvensjon om rettigheitene til personar med nedsett funksjonsevne i 2006. Personar med nedsett funksjonsevne er også spesifikt nemnt i FNs berekraftsmål 8.5, som handlar om å «oppnå full og produktiv sysselsetting og anstendig arbeid for alle kvinner og menn, deriblant ungdom og personer med nedsett funksjonsevne» innan 2030.
Berekraftsmål 3 handlar om at alle menneske skal ha god helse. Målet omfattar også særlig å fremje livskvalitet for alle menneske, uavhengig om dei har ein funksjonsnedsetting eller ikkje. Det er på verdsbasis meir enn ein milliard menneske som lever med ei funksjonsnedsetting, og det er heilt nødvendig å legge til rette for desse menneska for at vi skal klare å oppnå berekraftsmåla innan 2030.» (FN-sambandet)
Folkehelse og kommunal planlegging
I Ørsta har vi ein planstrategi der det vert referert til både levekår, folkehelse og «Leve heile livet». Folkehelse skal ligge til grunn for all planlegging både i forhold til tenesteutvikling og samfunnsplanlegging som skal legge til rette for eit samfunn tilpassa innbyggjarane sine behov. God helse vert skapt der folk lev sine liv. Kommunale planar og aktivitet skal vere ei investering i folkehelse og trivsel, samt ein medverkande faktor til at innbyggjarane gjer gode val. Folkehelsearbeid er samfunnet sin samla innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte verkar på folket si fysiske og psykiske helse, sin trivsel og livskvalitet.
Å arbeide med eit alders- og funksjonsvenleg samfunn, gode tenester, folkehelse, førebygging og aktivitetstilbod er nøkkelord for vidare utvikling i kommunen vår. Det er mange pådrivarar i Ørsta kommune, og ikkje minst mange ressursar i frivillige lag og organisasjonar som vi ønskjer eit godt samarbeid med for at Ørsta skal vere ein god kommune å bu i for alle.
