FNs internasjonale dag for frivilligheit

Syklistar med passasjerar klare for fyrste runda i Ørsta sentrum under generasjonsleikane tidlegare i år - Klikk for stort bileteSyklistar med passasjerar klare for fyrste runda i Ørsta sentrum under generasjonsleikane tidlegare i år Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset

I dag 5. desember blir FNs internasjonale dag for frivilligheita markert, Noregs viktigaste lagarbeid. Lag og organisasjonar skaper eit godt nærmiljø og gode møteplasser. Ver synlege, det er ikkje sikkert at folk rundt om veit at de finst.

Fungerande ordførar Karen Høydal  rettar eit stort takk til alle som deltek, er ein god nabo, givar, er medlemmer og engasjerer seg. Vi håper at endå fleire blir inspirert av dykk til å vere med. Det er artig og sosialt. 

Rebecca Riise Bjerknes sine ord frå opninga av frivilligåret:

2022 er Frivilligåret og det er viktig. Så viktig at både Kongen og Statsministeren vår nemnde det i sine talar til folket i jula. 2022 skal markere den frivillige innsatsen som vert gjort av folk i heile Noreg på fritida.

Nokre fakta

  • Den frivillige arbeidsinnsatsen i dei frivillige organisasjonane i Noreg som svara til 142 000 årsverk 
  • Frivillig arbeid bidrog med ei verdiskaping tilsvarande 78 milliardar kroner i 2018 

(kjelde ssb)

Med andre ord: Ei enorm verdiskaping utført av heilt vanlege menneske på fritida utan løn. Og utan dei frivillige går ikkje Noreg rundt. For heilt utan tvil er dei frivillige ein av bærebjelkane i det norske samfunnet og ein av grunnane til at vi trass alt har det så bra som vi har det.

Som leiar av Frivilligsentralen får eg ofte spørsmål om eg har ein frivillig til ei eller anna oppgåve. Eg tek meg sjølv ofte i å tenkje då at «ein frivillig, ja kva er det.» Det er nesten som om det skulle vere ein eigen sort menneske. Men sanninga er den at store deler av oss som bur i Noreg er ein frivillig. 78 % av oss nordmenn er medlem i ein frivillig organisasjon. Ein frivillig kan definerast som ein person som gjer noko for andre, eller fellesskapet, i fritida si utan å få betaling for det.  Og desse har vi mange av. Vi i Noreg er verdsmeistera på dette. I kvar by og bygd og i den minste grend er det nokon som gjer noko for andre og for fellesskapet , ikkje fordi dei må men fordi dei vil og kan.

Frivilligåret har utspring i Frivilligmeldinga som kom i 2019, og betre kunne den ikkje vore «tima».

Frå frivilligbarometeret kan vi sjå at 55% av oss har gjort frivillig arbeid i 2021. Dette er bra, men diverre er det ein stor nedgang frå 2020, då var det så mykje som 66%. Som alt anna er dei frivillige organisasjonane hardt råka av Korona og dette er alvorlig.

For om vi ser vekk i frå verdien av frivillig arbeid i kroner og ører, så er det noko som er endå viktigare.  Den positive effekten av å høyre til og brenne for noko. Forsking viser at dei som deltek i frivillig arbeid har betre helse. Gevinsten for dei som måkar snø eller spelar fotball er stor, men også like mykje for dei som utfører oppdraget med å klippe gras eller pumpe opp ballar.

«God helse i dag er å oppleve verdighet, selvrespekt, å bli sett og anerkjent av andre. Verdighet er mykje viktigere enn Omega 3.»

 – Per Fugelli-

Dei frivillige organisasjonane skaper rom for meistring og fellesskap. Einsemda blant dei som mottek eller bidreg med frivillig arbeid er lågare. Å føle seg viktig, er viktig!

2022 er frivilligåret og det er vél fortent.

Til alle som er medlem og alle som deltek; Takk. Og til deg som enno ikkje har meldt deg inn eller har blitt med, så om ikkje for andre så gjer det for deg sjølv!

Gratulerer.

 

Nominert til frivilligprisen 2022 Hjørdis Almelid Vikenes - Klikk for stort bileteNominert til frivilligprisen 2022 - Hjørdis Almelid Vikenes

 

Hjørdis Almelid Vikenes frå Ørsta var nominert til frivilligprisen , blandt 21 personar, alle sterke kandidatar. Bjørg frå Averøy fekk prisen og utdelt bilde og 30000 kr på Molde i går.

Følg oss