AKTUELT NO:

Fleire kan få bustøtte til høge straumutgifter

Pixabay  

Fleire minstepensjonistar, uføre og andre med låge inntekter kan få bustøtte i vinter, etter semje mellom regjeringa og SV om ein straumpakke. For å få utbetaling i januar, må du søkje innan 31. desember. 

Regjeringa og SV har avtalt å styrkje bustøtta slik at fleire med låge inntekter og høge buutgifter kan få bustøtte til høge straumutgifter. Tiltaket gjeld utbetalingar i januar, februar og mars. Førebelse utrekningar viser at dei nye bustøttemottakarane vil få i gjennomsnitt 1100 kroner i støtte per månad.

Søk så snart som mogleg – frist 31. desember.

Les meir på Husbanken si nettside

  

Følg oss