Fleirbrukshallen - endeleg i gong!

Fleirbrukshall 16.06.17.jpg

I dag, fredag signerte Ørsta kommune kontrakt med HS Bygg frå Stryn om bygging fleirbrukshallen 

Ein stor dag for Ørsta kommune 

Vegen fram har vore lang og svingete, men i dag er det framtida vi fokuserer på. Den nye fleirbrukshallen er eit resultat av hardt arbeid og godt samspel med idretten, skulen og andre brukargrupper.  Hallen vert eit veldig løft for Ørsta-samfunnet, til glede og nytte for alle.
 
Hallen er også ein del av utviklingsplanen for Ørsta sentrum. Med ei lokalisering tett på skulane og midt i idrettsparken,  i nærleiken til kulturhuset, ny vidaregåande skule og dei andre sentrumsfunksjonane, er hallen ein del av fortettingsstrategien som skal gje oss eit sterkare og meir attraktivt sentrum. 
 
Allereie måndag vil HS bygg halde oppstartsmøte. Så vert det byggestart i løpet av sommaren – og hallen vil stå ferdig hausten 2018.      
 

Følg oss