Felles kommunestyremøte om kommunereform
.jpg)
Kommunestyra i Ørsta og Volda møttes i Loen 20.- 21. januar for å drøfte moglegheiter og utfordringar ved ei samanslåing. Ungdomsråda i Ørsta og Volda og leiargruppene deltok første møtedag. Tillitvalde frå båe kommunane var representerte, og det var også ordførarane frå Hornindal og Stryn.
Innleiingsvis fekk deltakarane oppdatert informasjon om samfunnsutviklinga i regionen, og orientering om kommunereformprosessen så langt. Deretter gjekk dei i gang med gruppearbeid, og ei rad spørsmål knytt til kommunereform og samanslåing vart teke opp til diskusjon.
Deltakarane fekk kunnskap og innsikt i kommunereforma og ei eventuell kommunesamanslåing, og forhandlingsnemndene som er nedsett i båe kommunane fekk nyttige avklaringar på sentrale spørsmål for den vidare prosessen.

Publisert 22.01.2016 09:26