Fekk gode råd på fylkessamling

Det var lærerikt å få delta på fylkeskonferansen om eit samfunn for alle, kjem det samstemt frå denne Ørsta-delegasjonen. Frå venstre: Karl Georg Kirkreit, Iver August Bjørneseth Sandnes, Hjørdis Almelid Vikenes, Sina Digernes Aarskog, Toril Langlo, Inge Birger Bjørdal, Janne Britt W. Ytterstad, Kåre Aarseth, Oddbjørg Lid og Anbjørn Steinholm Frislid. Privat


Onsdag 6. og torsdag 7. desember var 185 medlemer i ulike kommunale og fylkeskommunale råd og nokre offentleg tilsette samla på Molde. 

Det var representantar frå ungdomsråda i mange kommunar, eldreråda og i råda for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne. Konferansen "Eit samfunn for alle – korleis kan vi medverke?" vart arrangert av Ungdomspanelet, Rådet for personar med nedsett funksjonsevne og eldrerådet i Møre og Romsdal fylkeskommune, KS Møre og Romsdal og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

–Eg har no lært at vi i ungdomsrådet, eldrerådet og råd for likestilling av funksjonshemma i Ørsta må ha meir samarbeid og spørje kvarandre, seier leiar Sina Digernes Aarskog i Ungdomsrådet i Ørsta.

–Vi må gje råd til kvarandre i desse råda, og hjelpe kvarandre. På samlinga hadde vi ei oppgåve der vi skulle planleggje korleis vi kunne lage til gode juleaktivitetar på torget i sentrum av kommunen. Då erfarte vi at det nok er lurt å starte planlegginga allereie i januar, viss vi skal få til eit variert og godt juletorg i Ørsta neste år, konstaterer Iver August Bjørneseth Sandnes, nestleiar i ungdomsrådet i Ørsta.

Ungdomsrepresentantane fekk etter erfaringsutvekslingar med andre unge vite om mange aktivitetar som vert gjort i ulike kommunar. Dei vil gjerne at ungdomsrådet i Ørsta kan bli endå meir aktivt. Ungdomsrådet vil gjerne verte invitert til eit kommunestyremøte. 

Leiar Sina Digernes Aarskog (t.v.)i Ungdomsrådet i Ørsta, leiar Anbjørn Steinholm Frislid i eldrerådet i Ørsta og nestleiar Iver August Bjørneseth Sandnes i Ungdomsrådet i Ørsta deltok på samlinga saman med fleire andre utsendingar i frå Ørsta. Hjørdis Almelid Vikenes


Inspirerande og lærerik

–Konferansen var ei inspirerande og lærerik hending for medverknadsråda frå Ørsta. Konferansen blei opna med ei innleiing av statssekretær Trine Fagervik frå Barne- og familiedepartementet. Vidare snakka Ole-Marius Minde Johnsen, leiar i Mental Helse, om utfordringane rundt psykisk helse og viktigheita av eit samfunn som skaper rom for alle. Foredraget understreka behovet for auka fokus på psykisk helse, i alle samfunnslag, fortel Anbjørn Steinholm Frislid, leiar i eldrerådet i Ørsta. 

Eit anna viktig tema på konferansen var arbeidet med Convention on the Rights of Persons with Disabilities (CRPD) i kommunane. Presentasjonane til Per-Christian Wandås frå BUFDIR og representantar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ga innsikt i korleis kommunane kan auke kompetansen sin om menneskerettane for personar med funksjonsnedsetting.

Den første dagen av konferansen inneheldt også sesjonar om medverknadsorgan i KS sitt folkevaldprogram, presentert av Hilde Nauste Myhre, og ei økt om «Seniorgaming» – bibliotek som møteplass og samarbeid på tvers av einingar, leia av Ronja Voldsund og Anne Askeland. Dette gav deltakarane praktisk læring og innsikt i ulike tilnærmingar til inkludering og aktiv deltaking for alle i lokalsamfunna våre.
 

“Gode råd” – straks nettklar

Den andre dagen starta med ein sesjon om korleis kommunale medverknadsråd bør arbeide, inkludert ein gjennomgang av nasjonale retningsliner. Dette ble fylgt opp av parallelle sesjonar som dekka ulike relevante tema for dei enkelte råda. «Gode råd» – FFO, SAFO og Unge funksjonshemmede sitt felles opplæringsopplegg for medlemmer i råd for personar med funksjonsnedsetting», for eldrerådet var det Olav Sæbø i frå Senteret for et aldersvennlig Norge sitt opplæringsprogram og for ungdomsrådet «Ungdomsråd og medverknad» med Trine Grytør, tidlegare koordinator for ungdommens fylkesråd i Nordland fylkeskommune.

Gjennom konferansen fekk deltakarane frå Ørsta verdifull innsikt og kunnskap om korleis vi kan bidra til eit meir inkluderande samfunn. Vi lærte om viktigheita av psykisk helse, korleis ein kan implementere CRPD i kommunale oppgåver, og korleis ulike råd og organisasjonar kan arbeide meir effektivt saman.

Nokre av rådsmedlemene i frå Ørsta og Volda som deltok på samlinga på Molde nyleg. Frå venstre: Kari Gamlem, Dagfinn Kristiansen, Marie Egset Haug, Toril Langlo, Janne Britt W. Ytterstad, Sverre Leivdal (bak), Oddbjørg Lid, Karl Georg Kirkreit (bak), Kåre Aarseth, Inge Birger Bjørdal, Anbjørn Steinholm Frislid, Hjørdis Almelid Vikenes og Iver August Bjørneseth Sandnes. Privat


Ei styrking av arbeide

–Den erfaringa vi fekk på Molde vil bidra til ei styrking av arbeidet som Eldrerådet, Rådet for likestilling av funksjonshemma og Ungdomsrådet utfører i Ørsta. Konferansen gav oss nye perspektiv og verktøy som kan nyttast i vårt vidare arbeid for eit samfunn som er inkluderande for alle, oppsummerer Anbjørn Steinholm Frislid.

Leiar Hjørdis Almelid Vikenes i Rådet for likestilling av funksjonshemma (RFF) i Ørsta deltok også på konferansen. Ho synest det var flott at så mange rådsmedlemer og tilsette i kommunane fekk møtast og sette fokus på korleis råda best mogleg kan utføre oppgåvene dei som folkevalde er sett til gjere. Erfaringsutvekslingane mellom rådsmedlemene på samlinga er nyttige å ta med seg i vidare arbeid lokalt.

–Vi ønsker at både ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for likestilling av funksjonshemma i Ørsta kan få eit fellesmøte der også ordførar, varaordførar og kommunedirektør deltek, slik at vi i fellesskap kan finne ut av korleis vi kan arbeide best mogleg i lag for å få til gode vedtak lokalt, seier Sina Digernes Aarskog og Iver August Bjørneseth Sandnes.
 

Anbjørn Steinholm Frislid og Hjørdis Almelid Vikenes

 

Følg oss