Fagtimar med fokus på stressmeistring og ergonomi

Onsdag 22. mai hadde bu- og habiliteringstenesta fagtimar med fokus på stress og meistring av stress i arbeidsdagen. Korleis kan stress kjennast på kroppen både fysisk, psykisk og kjemisk og korleis kan ein jobbe med desse symptoma slik at ein handterer dei på ein god måte?

Marius Hodt (kiropraktor) og Gaute Langørgen (fysioterapeut) frå Optimal Helseklinikk hadde førebudd 1,5 time med foredrag og workshop kring desse tema. Først fekk deltakarane ein teoretisk innføring i korleis stress kan virke på kroppen, og då særleg for tilsette som jobbar i turnus. Å gå frå seinvakt til tidlegvakt kan gi mindre søvn enn det som er optimalt, ein kan oppleve situasjonar i arbeidsdagen som kan virke inn traumatisk og stressande på skuldrar, nakke og rygg, samstundes som ein kan oppleve hendingar med tenestemottakarar som kan påverke psykisk og som kan skape utfordringar ved seinare høve. 

Vi takkar Gaute og Marius for foredrag og workshopEtter teorien viste Gaute og Marius ulike forflyttingsteknikkar og det vart gode diskusjonar kring situasjonar som vi opplev i kvardagen. 

Vi valde å setje lyset på desse tema då tenestene våre og er råka av høgt sjukefråvær. Det at dei tilsette blir bevisste på at og stress kan vere med å forårsake «vondter» her og der kan vere med på at vi enklare spør kvarandre om hjelp, er meir open om korttidsplager og leiar enklare kan vere informert og kunne legge til rette. Med dette kan ein redusere sjukefråværet noko, vertfall gjere den enkelte meir bevisst på kva som gjer at ein kanskje må vere vekke frå jobben. Vi vonar terskelen mellom den tilsette og leiar kan bli lågare, og skape ein betre dialog. 

Følg oss