Fagsamling for helsefag-lærlingar i Ørsta og Volda

fagdag lærlingar2.jpg

 

 

Kvardagsrehabiliterings-teamet i Ørsta, har for tredje år på rad halde innlegg for helsefag-lærlingane i Ørsta og Volda, med fokus på tankesettet kvardagsmestring og arbeidsformen kvardagsrehabilitering. 

Kvardagsmestring er eit av fleire tema i helsefagarbeidet. Kvardagsmeistring er eit forebyggande og rehabiliterande tankesett som vektlegg den enkelte si meistring, uansett funksjonsnivå. Det handlar om å ha fokus på brukaren sine ressursar, mål og ønske.

 
Tanken er å snu fokuset frå å gjere ting for brukaren, til å gjere saman med. At vi skal støtte og motivere brukarane til å gjere aktiviteten sjølv, eller delar av den. Vi bør bli flinkare til å spørre brukarane kva som er viktig for dei, framfor å spørre kva dei treng hjelp til. Dette gjer at dei fleste opplever å meistre daglege aktivitetar dei synst er viktige, som igjen gir betre livskvalitet. 
 

Følg oss