Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Fagdag ved Korttidsavdelinga

Fagdag_kortidsavdelinga2.jpgKorttidsavdelinga på Ørstaheimen begynte med fagdag i slutten av september 2016. Dette har vore veldig positivt for avdelinga som både får moglegheita til å fordjupe seg i fagområde, samt få betre tid til avdelingsmøte og diskutere viktige saker knytt til eininga.

Fagdag_korttidsavdelinga.jpg

Hittil har dei hatt fokus på førebygging og redusering av avvik. Dei har hatt besøk av lungelege frå Volda sjukehus, der personale frå dei andre einingane også var inviterte. Legen tok føre seg KOLS, Cpap/Bipap og caugh assist. Vidare har dei hatt fagdag med kreftsjukepleiar og fokus på palliativ plan. Sist fagdag var det fokus på sårstell.

Einingsleiar Dagrun Opsal er godt nøgd med fagdagane og kan fortelje at dei har fått veldig mykje positive tilbakemeldingar på tiltaket.

Følg oss