Fagdag om Parkinson for tilsette i helse og omsorgstenesta

Onsdag 25.09 vart det ein stor fagdag for tilsette i helse- og omsorgstenesta. 

Dagen vart arrangert av Kortidsavdelinga i Ørsta kommune saman med Møre og Romsdal Parkinsonforeining. Tema i fagdagen er viktig for tilsette i helse og omsorg, og hadde deltakarar frå Ørsta og Volda. Til saman deltok nær 90 sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeut, og lege  for å auke kompetasen  på Parkinson sjukdom.

Omtrentleg 600-800 får diagnosen Parkinson årleg i Noreg, og ca. 8.000,- har denne diagnosen. Det er ein sjukdom ein ikkje blir frisk av, og den har ei negativ utvikling for den som er råka. Helse- og omsorgstenestene møter personar med Parkinsons sjukdom nesten over alt. Det er difor viktig å ha god kunnskap slik at den som er sjuk får eit best mogleg tilbod.

 

Personlege erfaringar

Borgar Mattland fortalte om korleis han opplevde å få diagnosen Parkinson for 10 år sidan og korleis dette har påverka hans liv. Han fortalde om støtta han opplevde i det å møte andre med same sjukdom og fokusere på kva han får til, være aktiv og tenke positivt. Kari Steinsvik fortalde om det å være pårørande til personer med Parkinson, pårørande er  viktige i samarbeid med helsepersonell. Den kommunale fysioterapitenesta I Ørsta gav mellom anna tips og råd i forbindelse med det å bidra til å være i aktivitet,  og oppretthalde kroppshaldning.

Sjukdomen påverkar heile kroppen. Helserådgjevar frå Norges Parkinsonforening Ragnhild S. Støkket gjekk igjennom korleis Parkinson påverkar kroppen, og kva ein må være oppmerksame på, forklarte ulike symptom, korleis observere endringar og  tiltak ein kan sette i verk. Støkket gav gode råd og viste i praksis kva ein kan gjere  for å betre kvardagen til den som  har Parkinson. Medisinering er eit viktig tiltak i forhold til Parkinson. Det vart gitt ein grundig gjennomgang av ulike typar  medisin og korleis medisinen påverkar personar med Parkinson. Både Støkken, Mattland og Steinsvik understrekte betydning  av å få rett  medisin i rett mengde på rett tidspunkt. Ei forskyving på 10-15 minutt på medisin  kan gjere ein stor forskjell  for personer med Parkinson.
 

Felles samling og auka kunnskap

Fagdagar som  dette er veldig viktige. Ein får gi felles informasjon til fleire faggrupper og samla auke kunnskap i kommunen. For personer som  kjem inn i helsetenesta  om det er i fysioterapitenesta, heimesjukepleien, korttidsavdelinga eller på sjukeheim  er det veldig viktig at alle helsepersonell  dei møter har god  kompetanse  om diagnose ein har, årsaker,  behandling og tiltak som kan settast i verk  for å kunne gi best heilheitlege tenester ut ifrå individuelle behov.

Følg oss