Europan 13

webbilde.jpg

 Arkitektane har levert sine forslag, og heile 20 arkitektteam konkurrerer om Ørsta sitt prosjekt!

I juni 2014 vart det klart at Ørsta kommune er valt ut som ein av fem norske kommunar til den internasjonale arkitektkonkurransen Europan 13. Heile 50 byar og tettstadar  frå europeiske land er involverte i lag med om lag 2000 arkitektteam. Ørsta deltek med prosjekt i Ørsta sentrum. Møre og Romsdal fylkeskommune er partner. 

2. mars 2015 vart Europan 13 lansert på nett,og det var fritt fram for unge arkitektar og planleggarar å melde seg på konkurransen. Då innleveringsfristen gjekk ut 30. juni hadde 20 arkitektteam levert framlegg til Ørsta sitt konkurranseprogram! Dei innleverte forslaga vert offentleggjort og lagt ut på nett av Europan-sekreteriatet i starten av august. Utover hausten vert det moglegheit til å sjå på forslaga for Ørsta før juryering og kåring.

  • September 2015: Utstilling av innleverte forslag i Vikegata.
  • 30. september 2015: den internasjonale fagjuryen kjem til Ørsta for første runde i juryeringa. Her skal juryen velje ut 15-20% av framlegga som skal vere med vidare.
  • Månadsskiftet oktober/november: andre og siste juryeringsrunde i Bratislava. 
  • 3. desember 2015: Vinnaren av konkurransen vert kunngjort!

Kva skjer vidare?

Gjennom Europan-konkurransen vert dei beste ideane kåra. Vidare skal konkurransebidraga bearbeidast vidare til konkrete planar og tiltak, i første runde gjennom ny reguleringsplan for Ørsta sentrum. Konkurransen kan medføre både kortsiktige og langsiktige tiltak.

Parallelt med konkurransen arbeider ein med å gjennomføre tiltak som kan gjennomførast på kort sikt, men også mellombelse tiltak. Mellom desse er Skisseprosjekt Svendsengarden som omhandlar etablering av ny busslomme på tomta for Røedhuset. Arbeidet opnar for å sjå på Svendsenhagen med nye auge, og ei utescene med amfi er ei mogleg løysing.  Nokre parkeringsplassar ligg også inne i skissa. Statens vegvesen er samarbeidspart her, i lag med Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mellombelse parkeringsplassar i sentrum er eit anna tiltak det vert arbeidd med. To konkrete areal, den såkalla Linatomta og Øyehaugtomta (mellom Webjørn Svendsengate og Amfi) er aktuelle for dette. Private aktørar er samarbeidsparter her.

Viderautvikling av Vikeparken er eit tredje prosjekt som er i startfasen. Kommunen søker no etter landskapsarkitekt  som kan hjelpe til med å få fram gode idear for å fylle parken med fleire aktivitetar og bruksmoglegheiter. 

Følg oss