Europan 13. - Europanjuryen er i Ørsta i dag

eurpan.jpg

Juryen for Europan er idag, 30. september i Ørsta for første juryeringsrunde.

Juryering og kåring av vinnar

Vinnar av konkurransen vert kunngjort 3. desember 2015, etter to juryeringsrundar.

Første juryeringsrunde finn stad i Ørsta 30. september. Den internasjonale fagjuryen kjem då hit. I møte med juryen vil ei arbeidsgruppe med representantar frå Ørsta kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune orientere om korleis konkurransebidraga vert oppfatta lokalt og i høve dei utfordringane Ørsta sentrum står overfor. Juryen vel så ut 15-20% av framlegga som skal vere med vidare.

Europanjuryen i utstillingslokala til Europan 13 i Ørsta

 

 

 

 

 

 

Europanjuryen i utstillingslokala til Europan 13 i Ørsta

 

 

 

 

 

 

 

 

Andre og siste juryeringsrunde finn stad andre helga i november, i Bratislava. Her treff juryen sitt endelege val.

20 arkitektteam er med i konkurransen om utforming av Ørsta sentrum! Konkurransebidrag kan du sjå her. 

 

Utstilling i Vikegata

Frå slutten av august og ut september vert konkurransebidraga stilt ut i Vikegata. Med dette ønskjer kommunen å legge til rette for debatt og engasjement i utforminga av Ørsta sentrum si framtid. Vi oppmodar innbyggjarane om å gjere seg kjent med forslaga og melde attende om både gode og dårlege løysingar. Lokale tilbakemeldingar vert formidla til juryen på jurymøtet 30. september.  Synspunkt og kommentarar kan ein levere i eigne meldingsboksar i utstillinga eller via e-post.

Nærare informasjon om utstillingslokale og opningstider vert annonsert på kommunen si heimeside og i avisa.

 

Kva skjer etter arkitektkonkurransen?

Vinnarframlegget, eventuelt i kombinasjon med andre løysingar, skal bearbeidast vidare til konkrete planar og tiltak, i første runde gjennom ny reguleringsplan for Ørsta sentrum. Dette planarbeidet startar opp i 2016.

Logo europan.jpg

Følg oss