Endringar for naturskadeerstatning frå 01.01.2017

Øyabrua 2.jpg

Ordninga med naturskadeerstatning vart endra frå årsskiftet. Frå 1. januar 2017 skal ein sjølv søke elektronisk om erstatning. Søknaden går direkte til Landbruksdirektoratet  –  noko som gir ein meir effektiv prosess, samt større grad av likebehandling.

Tidlegare har ein gått til lensmannen for bistand til å søkje om naturskadeerstatning, men no har ikkje lensmannen lengre noko rolle i naturskadar. Den einskilde skal nytte seg av eit elektronisk søknadsskjema og må i utgangspunktet dokumentere skaden sjølv . Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga frå søknad, vedtak og til eventuell erstatningsutbetaling.

Kva betyr endringa?

Dekningsområdet er det same som tidlegare, og at skadane som vert dekt vil også vere dei same. Den største endringa er at det vert innført eit elektronisk søknadsskjema. Den einskilde står ansvarleg for å søkje erstatning, og som ein del av dette, hente inn anbod for å rette på skadane.

Meir informasjon om ordninga, informasjon og rettleiing får du på www.naturskadeordningen.no

Eller ved å ta kontakt med Magnar Selbervik i Ørsta kommune. 

Følg oss