Ellen Jåvold vert ny seksjonsleiar

Privat Ellen Jåvold (57) har takka ja til stillinga som ny seksjonsleiar skule, og vil ta til i stillinga 1. august.

Jåvold kjem frå ei stilling som kommunalsjef i Kinn kommune, med ansvar for skule, barnehage, kulturskule, PPT, helsestasjon og barnevern. Hennar bakgrunn er elles knytt til skule og undervisning, noko ho ser fram til å fokusere meir på her i Ørsta.

Ørsta kommune er svært nøgde med å ha rekruttert Jåvold til stillinga og ser fram til å nytte hennar kompetanse i utviklinga av Ørstaskulen, vaksenopplæringa og flyktningtenesta.

Følg oss