Eldrerådet på synfaring i Tussaparken

Eldrerådet var tysdag på synfaring i Tussaparken, og dei let vel over det dei fekk sjå. Leikeapparat for borna, sitjeplassar, installasjonar frå Tussa og ikkje minst trimapparat for folk i alle aldrar, gjer at parken er godt tilrettelagt for både aktivitet og avslapping.

Sjølv det var ein regnvåt dag så var dei frampå og testa ut nokre av trimapparata også, og det kunne sjå ut som dette gav meirsmak. Etter «treningsøkta» rusla dei ein tur over til Hamneparken også, og var skjønt einige om at dette er eit flott område for turgåing og rekreasjon. Her er benkar du kan sitje og nyte utsikta frå, både utover sjøen og inn mot den flotte småbåthamna vår. Her er også ulike bøyer og andre sjømerke stilt ut, og fyrlykta er verdt ein tur i seg sjølv.

Eldrerådet vil oppmode alle, og spesielt eldre, om å ta seg ein tur og prøve ut trimapparata i Tussaparken, gjerne etterfølgt av ein spasertur i Hamneparken.

   

Følg oss