Framdrift trass korona
- Vi har heile tida jobba for å opprette holde framdrifta i prosjektet trass i koronapandemien. Målet med den digitale worskhopen er å få innspel om kva bygget og området kan brukast til, for at nye Ørsta vgs skal gi gevinstar for og meirverdi for heile Ørstasamfunnet, seier Per Olaf Skuseth Brækkan, bygg- og eigedomssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkeskommunen har sett av 300 mill kr til bygginga. No vil dei ha med innbyggarane i planlegginga gjennom ein brei brukarmedverknad.
- No er vi i ein såkalla open fase og ønsker innspel. Derfor håper vi at flest mogleg kan delta og bidra til å skape positive effektar for Ørsta, seier Brækkan.
Moglegheiter og effektar for Ørsta
Alle som kan sjå for seg å bruke bygget eller området, eller som har nyttig kompetanse, eller vil bidra med idear, er hjartelag velkomne. Uavhengig eller avhengig av alder, livsfase, helse.
- Finst det aktørar eller bedrifter som ønsker å bruke bygget, og som ser for korleis dei kan skape nye aktivitetar? Då må dei bli med på workshopen. Areala i skolebygget har mykje ledig tid utover skoletida, og vi ønsker at fleire skal bruke desse, seier Brækkan
Tilbyr teknisk hjelp
Arrangørane veit at digitale møte kan vere ei barriere for mange som ønsker å delta.
- Vi vil tilby opplæring i dei digitale verktøya som skal brukast. Dei som melder seg på vil få rettleiing i møteinnkallingane som dei mottar på mail. I tillegg vil vi filme plenumsmøte i workshopen. Dette opptaket vil bli lagt ut på Ørsta kommune sine nettsider, og det vil vere mogleg å gi innspel på dette i etterkant, seier Ingvild Nistad, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ein ny workshop vil bli arrangert den 11. juni.
Workshopane er delt i tre, og utførast i to møte. Eit plenumsmøte og eit gruppemøte.
Ønsker innovative innspel
I plenumsmøtet blir det fleire innlegg for å inspirere til innovative og gode innspel.
- ‘Framtid og bærekraft’, Anne-Lise Sagen Major, Framtidsnavigatør i Nye Ålesund kommune.
- ‘Ørsta kommune inni framtida’, Eldar Øye, ass kommunedirektør i Ørsta kommune.
- ‘Vår marknad, Våre næringar – moglegheiter og truslar’, Odd Magne Vinjevoll, dagleg leiar i Ørsta Næringskontor.
- ‘Ambisjonar for prosjektet’. Om brukarinvolvering, Per Olaf Skuseth Brækkan, Bygg og - eigedomssjef i Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Delta på pc
Dei som vil delta på workshopen, skal sende mail til ingvild.Nistad@mrfylke.no, og akseptere møteinnkallingane som dei tar i mot.
Møtedeltakarane treng ein PC som er tilkopla nett, og som har mikrofon og webkamera.
Kontaktinfo:
Ingvild Nistad
prosjektleder Møre og Romsdal fylkeskommune
ingvild.nistad@mrfylke.no
71 28 02 92 / 909 87 819
Per Olaf Skuseth Brækkan
Bygg- og eigedomssjef Møre og Romsdal fylkeskommune
per.olaf.skuseth.brekkan@mrfylke.no
71 28 02 27 / 920 82 368