Stengingar og vaslar

Kokepåbod oppheva: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Digital Postkasse

Kva er digital post.jpg

Ørsta kommune tek no i bruk elektronisk post. Det betyr at DU kan få brevet ditt minutter etter sakshandsmar har sendt det.

For å motta brev elektronisk frå det offentlege må du ha ei digital postkasse. Staten har inngått avtale med to leverandørar av postkassar, Digipost og e-Boks. Du får velje mellom to postkassar fordi det vil gi deg som innbyggjar den beste løysinga. Postkassane er likestilte og begge tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit.

Du kan likevel berre ha éin postkasse for post frå det offentlege.

For å opprette postkasse, gå til sida Velg digital postkasse  på Norge.no.

Ei digital postkasse er ei sikker løysing for å motta og oppbevare viktig post digitalt, slik som brev med vedtak, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon. Det offentlege kan ikkje bruke vanlig e-post til å sende slik informasjon. Skal du kunne motta viktige brev frå det offentlege digitalt, må du ha digital postkasse.

 

Du må altså sjølv opprette ein digital postkasse for å kunne få post digitalt. Dokumenta du får tilsendt digitalt, blir lagra i den digitale postkassen som eit arkiv.

Du må ha en elektronisk ID og bruke ID-porten for å lese post frå det offentlege i den digitale postkassen. 

Husk: Det er like viktig at rett mobilnummer og e-postadresse er registrert i brukarprofilen i ID-porten, som at rett bustadadresse er registrert i folkeregisteret. 

Når du får digital post frå det offentlege blir du varsla på SMS eller e-post. Post som er levert til den digitale postkassa di vert liggande der til du sjølv vel å slette den.

Du er sjølv ansvarleg for å gjere deg kjend med innhaldet i posten som er sendt til deg, på same måte som når du får eit papirbrev.

Svar- og klagefristar gjeld frå den dagen du blir varsla og kan opne posten din, på same måte som post på papir.

Sjå norge.no for spørsmål og svar om digital postkasse

Følg oss