Digital post frå Ørsta kommune

Digital postkasse - Difi.jpg

Frå dags dato vil du kunne få posten din digitalt frå kommunen. Vi jobbar med opplæring av sakshandsamarane, målet er at det meste av kommunikasjon frå kommunen skal vere digital.

Digital post

Dette betyr at du vil motta posten din frå kommunen i Altinn.no, E-boks eller Digipost så lenge du ikkje har reservert deg mot digital kommunikasjon.

Når du har registrert e-postadresse og mobilnummer i samband med innlogging til offentlege tenester på nett, til dømes i samband med mottak av skatteoppgjer, har du automatisk godkjent digital kommunikasjon med det offentlege.

Brev som ikkje vert lest i Altinn/Digipost/E-boks innan to dagar går vidare til sentral utskriftsleverandør. Du vil då motta brevet frå kommunen på papir i umerka konvolutt.

Vil du vite meir?

Meir informasjon om korleis oppdatere kontaktinformasjonen din, og eventuelt reservere deg, finn du på Norge.no.
Bedrifter og lag/organisasjonar med organisasjonsnummer har ikkje høve til å reservere seg. Desse vil automatisk få all post via Altinn.

Kvifor gjer vi dette?

  • Du som mottakar får brevet digital nærast med ein gong det er sendt frå kommunen.
  • Vanleg e-post er ikkje ein sikker måte å sende meldingar på. Når du får brev frå kommunen gjennom digital postkasse, vil meldinga vere kryptert fram til postkassa. Du loggar deg trygt inn via ID-porten for å lese brev vi har sendt.
  • Å sende eit brev digitalt i stadenfor på papir vil spare kommunen for utgifter til papir og porto.
  • Vi ønskjer å bidra til ein meir miljøbevisst kommunikasjon med våre innbyggjarar og næringsliv. Ved å sende ut brev digitalt vil vi spare miljøet for unødvendig papirbruk. Opnar du posten din digitalt i tide, er du også med på å spare regnskogen og miljøet elles.

Det vert spennande å sjå resultata av denne digitaliseringa.

Følg oss