- Dette opnar for store moglegheiter

Ope møte-flyplasskrysset.jpg - Klikk for stort bilete Tett før jul kom nyhenda om endringar i sikkerheitsområdet rundt Ørsta-Volda lufthamn Hovden. Avinor fekk godkjend søknaden av Luftfartstilsynet, og flyplassen er no sertifisert i høve utformingskrava i EU-regelverket for ikkje-instrumentrullebaner.

Det svarte omrisset syner flyplassområdet - Klikk for stort bileteDet svarte omrisset syner flyplassområdet

Endringane kan gi nye opningar for planlegging og utbygging av områda rundt flyplassen, både bustadane i Indrehovdevegen og det farlege flyplasskrysset kan hauste goder av at restriksjonane rundt flyplassen er redusert. – Dette opnar for store moglegheiter, seier ein entusiastisk ordførar Stein Aam.

 

Redusert sikkerheitsområde opnar for byggeaktivitet.

 

Ope folkemøte – frampå og framsynt 

Torsdag heldt kommunen og Avinor ope folkemøte på rådhuset. Ordførar Stein Aam fekk æra av ønske alle velkomne til møtet. Lufthamnsjef Sverre Bae orienterte om EU-sertifiseringa, kvifor det er gjort og kva det inneber. Til slutt fekk Svein Sunde frå Gode vegar AS, peike på moglegheitsbiletet som kjem av at sikkerheitssonene til flyplassen er reduserte. Her var det særleg fokus på moglege framtidige tiltak for å handtere den farlege og aukande trafikken flyplasskrysset.

Folkemøtet var ei forlenging av informasjonsmøtet som Avinor hadde med kommunen før jul. Ein får mykje positivt ut av å samle kommuneadministrasjon, representantar frå Avinor, innbyggjarar og anna næringsliv til eit samla møte. Først og fremst gir det ei god oversikt over prosessane som vert utløyst av det nye situasjonsbiletet. I tillegg får ein avklara ein del spørsmål og situasjonar på ein god måte, ettersom ein har involverte partar tilgjengeleg til å svare for seg. Her er eit knippe av spørsmål som vart avklart i møtet: 

 

Kva betyr det at Ørsta-Volda lufthamn Hovden er blitt EU-sertifisert?

- Avinor har sett eit krav om at alle deira lufthamner skal vere sertifisert etter utformingskrava i EU-regelverket. Tidlegare har Ørsta-Volda lufthamn Hovden vore sertifisert etter nasjonal standard. For flyplassen vår betyr dette i praksis at restriksjonsplanen er mindre i utstrekning, enn det som har vore tidlegare. Endringane gjer mellom anna at bustadeigedomar og andre bygg i Indrehovdevegen går klar av tidlegare restriksjonar, som har vore ei hindring for påbygg og nybygg.

Det gir også opning for at kommunen kan utnytte områda nord og sør for rullebana betre. Avinor og Lufthamnsjef Sverre Bae er innstilt på å gi dispensasjonar frå høgderestriksjonane basert på dei gamle hinderflatene, med ein føresetnad om at tiltaka ikkje er i konflikt med nye hinderflater eller at tiltaka gir ein uheldig turbulenssituasjon.

 

Har dette noko å seie for satsinga av Ørsta-Volda lufthamn Hovden?

- Avinor er tydelege på at Ørsta-Volda lufthamn ikkje er i ein nedbyggingsprosess, tvert i mot. Dei har sikra seg område inntil flyplassen med moglegheit for utbygging for å handtere meir trafikk. EU-sertifiseringa gir sikkerheitsområde etter internasjonal standard og er ikkje teikn på verken dårlegare kvalitet eller mindre tryggleik.

 

Kva skjer vidare?

- Kommunen har sendt brev til Avinor for å avklare om dei framleis ønskjer å halde av området i begge endar av rullebanen til ei ev. framtidig forlenging av denne. Kommunen ventar svar på brevet, før det vert lagt noko planar for det vidare arbeidet. Kommunen legg vekt på at det vert ein lang prosess å få endra flyplasskrysset, men at vi no har moglegheiter som ikkje har vore tilgjengelege tidlegare.

 

Flyplasskrysset – trafikktrygging til ny pris

Kanskje dette vert framtidsbiletet for det farlege flyplasskrysset? - Klikk for stort bileteKanskje dette vert framtidsbiletet for det farlege flyplasskrysset? Både Avinor, kommunen og andre aktørar har vore frampå og allereie sett moglegheiter knytt til endringane i sikkerheitsområdet. Etter at Avinor sende brev til kommunen om den nye sertifiseringa 18. desember har det gått slag i slag. Allereie 21. desember var kommunen på plass ved Ørsta-Volda Lufthamn Hovden for å få vite meir om kva endringane inneber. Og i går, torsdag 18.januar, vart det invitert til folkemøte. 
 

Kommunen, Avinor og resten av næringslivet som vert prega av den dårlege, og ikkje minst farlege trafikkflyten i området, gler seg over moglegheitene som opnar seg som følgje av det nye situasjonsbiletet. På folkemøtet vart det peika på fordelar med å få kollektivtransport inn til flyplassen og næringsområda. Det vart også eit poeng at prislappen for å gjere noko med flyplasskrysset er ein heilt annan enn det har vore snakk om tidlegare, som følgje av restriksjonsendringane. 

 

Reguleringsplan og søknadar

Reguleringsplan, flyplassområdet - Klikk for stort bileteReguleringsplan, flyplassområdet

Kommunen understrekar at det ikkje er gjort endringar i reguleringsplanen i området rundt flyplassen.  Dette betyr at alt som skal byggast i området må forholde seg til gjeldande reguleringsplan og ein må søke om dispensasjon for å få løyve til å setje i gang byggeaktivitet i området. Dette betyr i praksis at dersom ein vil søke dispensasjon for påbygg eller nybygg i Indrehovdevegen, må søknaden bli saksbehandla normalt av kommunen etter gjeldande reguleringsplan og regelverk. Kommunen vil så sende saka til Avinor for uttale.

Kvar sak må behandlast kvar for seg, og Avinor vil gjere vurderingar på om søknadane er til hinder for det nye EU-regelverket eller kjem i konflikt med turbulensvurderingar av området.
 


Kommunen sine reguleringsplanar finn du her:

Kommunen og Avinor takkar alle som møtte opp til folkemøtet. Vi sender også ein takk til alle som har vore i kontakt i høve saka, men som ikkje kunne møte torsdag. Det har kome fram gode spørsmål og innspel på korleis vi kan forme området i framtida!

Sist endra 24.01.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering