Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

"Det skjer i Ørsta" opna Næringskonferansen 2018

T.v. Ordførar Stein AamDet var ein tydeleg stolt ordførar som opna  Næringskonferansen 2018 med filmsnutten "Det skjer i Ørsta". Videoen viser ein liten smakebit av alt det flotte som skjer i kommunen vår, ein slags "skrytefilm".

Det som filmen ikkje viser er det mangfaldige, gode og spennande næringslivet som er her på Søre Sunnmøre. I 6 år har Næringskonferansen Søre Sunnmøre vore fulle av gode og varierte program, med alt i frå lokale heltar til nasjonale kjendisar. I år fekk det lokale selskapet Rufo, vere dagens første foredrag. - Etterfulgt av ei rekke kjende namn og selskap som til dømes Olaf Tufte, Eldar Sætre (Statoil), Oddgeir Garnes (Google) og lokalkjendis Thomas Ryste, kanskje mest kjend som Kjell "Kjellen" Bigseth.
 

 Program


Dagleg leiar Knut Steinnes, RufoRufo starta showet

Det lokale selskapet Rufo er ein leiande levrandør av skreddarsydde transportkasser i den norske marknaden, med ein visjon om å strekke seg mot den europeiske marknaden. Dagleg leiar og gründer Knut Steinnes, fortalde om utfordringar som selskapet har vore innom dei siste 10 åra, om omstilling og satsing på digitale verkty. Foredraget viste tydeleg at Rufo er eit framoverlent selskap med høg kompetanse, fleksible løysningar, og med blikket retta mot framtida.
 

Filmen kan du sjå her: 

 

 

Følg oss