Det mest attraktive friluftsområdet i Ørsta kommune

Raudøya - vinnaren av tevlinga om "det mest attraktive friluftsområdet i Ørsta kommune".  Foto.

I løpet av sommaren og fram til 20. september vart innbyggjarane i kommunen oppfordra til å kome med framlegg ved å sende inn eit skjema på heimesida til kommunen. Fleire område vart foreslått på facebooksida til kommunen, men berre tre område vart nominert ved bruk av skjemaet.

Dei nominerte områda var: Liadal, Frølandsdalen og Raudøya. Det var mogleg å gje frå ei til tre røyster til dei nominerte. Det var 190 personar som røysta, og derfor ville maks tal på røyster vere 570.

Det vart gjennomført ei avrøysting på kommunen si heimeside, som vart avslutta 25. oktober 2015.

På førsteplass kom Raudøya med 468 røyster, på andreplass kom Liadal med 339 røyster og på tredjeplass kom Frølandsdalen med 279 røyster.

Det var Kjell Arne Steinsvik som nominerte Raudøya i konkurransen. Om Raudøya seier  Steinsvik: ”Raudøya i Ørstafjorden er eit viktig friluftsområde, då det er den einaste øya av noko storleik i kommunen som er opa for alle. Øya er tilrettelagt med flytebryggje for ilandstiging. Ørsta Seilforening har også lagt ut to kraftige (gratis) bøyer for djupare båtar. I tillegg er det gode ankringsforhold utanfor øya. På land har Ørsta ungdomsskule avd. Liadal gjort ein framifrå jobb med å restaurere den gamle brygga. I tillegg slår dei graset og held terrenget ved like. Dei lagar også ved som besøkande kan bruke til bål og grilling. Raudøya har fleire "leirplassar" med benker og bålgroper. Dette gjer at fleire grupper kan vere på øya samstundes utan å sjenere kvarandre. I seinare tid har det også kome toalett på øya. Ørsta kommune gjer eit viktig arbeid med å gjere øya tilgjengeleg for innbyggjarane. Det er viktig at flytebryggja vert halde i god stand, og eventuelt vert utvida, så flest mogleg kan gjere seg nytte av øya sommarstid.”

Raudøya er no kåra til det mest attraktive friluftsområdet i Ørsta kommune.

Vi takkar for innsatsen.

Følg oss