Ørsta kommune sitt demensteam presenterte seg på kommunestyremøtet i dag. Dei er åtte peronar som har dette i tillegg til sine vanlege arbeidsoppgåver. Teamet møtest to timar kvar månad.
Dei orienterte om korleis eit pasientløp ofte er i dag og kva tiltak som kan settast inn for å gi hjelp før. Tidleg hjelp gir brukarane ein god livskvalitet og ein verdig alderdom i tillegg til at det er god ressursbruk for kommunen.
Jørn Humberseth frå Volda og Ørsta demensforeining presenterte foreininga. Styret i foreininga er samansett av helsepersonell og pårørande.
Han orienterte om demensvennleg samfunn der måla er:
-
Forbedre forhold for dei med demente i kommunen.
-
Gjer det enkalare å vere ein del av lokalsamfunnet.
-
Konsekvensen er at dei kan bu heime lenger
-
Auke kunnskapen og gi meir openheit kring demens
-
Dei med demens skal føle seg nyttige i lokalsamfunnet/felleskapet.
Demensforeininga kan halde kurs (1-2 timar) for drosjenæringa, kollektivtilsette, butikktilsette, servicekontor, biliotek, tannlege og andre som vil ha nytte av å vite kor ein best mogleg kan hjelpe demense i kvardagen.