Budsjett 2023 og økonomiplan 2023 – 2026 

Bilde av barnehagebarn som går over eit overgangsfelt. - Klikk for stort bilete

Kommunedirektøren har i dag, 11. november, ferdigstilt budsjettframlegg og økonomiplan for Ørsta kommune for åra 2023–2026.

Framlegget skal behandlast i formannskapet 15. november og leggast ut til offentleg ettersyn. Budsjettframlegget er digitalt, og vert gjort tilgjengeleg for alle frå kommunen si heimeside. Dette er vår første versjon med verktyet FRAMSIKT, og vi håpar at det gir ei god oversikt over kommunen si drift og investering. 

Budsjett og økonomiplan er lagt fram i balanse, og gjer greie for inntekter og fordeling drift til dei ulike kommunalområda. Detaljbudsjett med kostnadsreduserande tiltak, oversikt over valde og ikkje valde tiltak, ligg under kvart kommunalområde under hovudoverskrift: Kommunen sine tenesteområde.  

Ramma til fordeling drift i 2023 utan bruk av fond og auke i eigedomsskatt, er berekna til 716,8 millionar kroner. Dette er om lag 30 millionar kroner mindre enn det minimum tenestene treng for å finansiere drifta om lag på dagens nivå. Skal Ørsta kommune samanlikne seg med andre kommunar i KOSTRA-gruppa, skulle heile reduksjonen elles ha kome i helse og omsorgstenestene. Fordelte rammer til kommunalområda er difor auka til 747,2 millionar kroner, finansiert med auke i eigedomsskatten og ved bruk av fond. For 2023 er det foreslått bruk av disposisjonsfond med 24,89 millionar kroner og auke i eigedomsskatt med 0,5 ‰. Auka eigedomsskatt utgjer 5,486 millionar kroner i ekstra inntekter til drifta. Målet er at eigedomsskatten ikkje skal auke vidare i økonomiplanperioden, og dersom det vert vedteke ytterlegare innsparingstiltak, strukturendringar eller det kjem andre hittil ikkje kjende inntekter, bør denne skatten reduserast så snart det er økonomisk forsvarleg. 

Rest disposisjonsfond er avhengig av kompensasjon for utgifter knytt til korona. Ørsta kommune har uansett ikkje nok fondsmidlar til å kunne subsidiere drifta med slike beløp utover i økonomiplanen.   

Ørsta kommune må tilpasse seg ei framtid der statlege overføringar ikkje held tritt med aukande utfordringar. KS peikar på åtte sentrale utfordringar kommunesektoren står i: 

  1. Fleire eldre gir auka helse- og omsorgsbehov 
  2. Trongare økonomi krev tøffare prioriteringar 
  3. Fleire utanfor samfunns- og arbeidsliv 
  4. Klima-, natur- og miljøutfordringane tiltar 
  5. Digitalisering i ulik fart og med ulik kraft 
  6. Større risiko for uønska hendingar 
  7. Demokratiet vert utfordra frå fleire hold 
  8. Vedvarande mangel på personell og kompetanse  

Framover må vi satse meir på velferdsteknologi og heimebaserte tenester. Meir ressursbruk på lågare nivå i tenestetrappa er heilt nødvendig skal vi møte framtidige demografiske utfordringar. Skal vi klare å ha nok og rett kompetanse til dei sjukaste, må desse få tilbod på Ørstaheimen, medan dei som treng omsorg og tryggleik får gode tenester i eigen heim eller i bufellesskap med heildøgns omsorg. Vi har dyktige og omsorgsfulle tilsette i dagens tre sjukeheimar, men for framtida vil rekrutteringsutfordringane verte meir krevjande. Kommunen har sidan samhandlingsreforma i 2012 fått stadig nye og meir avanserte oppgåver. Sjukeheimen vert difor meir og meir eit “minisjukehus” , med høge kompetansekrav. Kommunedirektøren foreslår difor ei omstilling der ein sikrar eit trygt og godt tilbod til eldre på Hjørundfjordheimen og på Vartdal helsetun, medan dei sjukaste må få tilbod på Ørstaheimen. Denne omstillinga vil måtte skje gradvis dei komande åra. 

Satsingar 
Ørsta kommune har teke aktive grep for å vere ein aktiv og attraktiv kommune. Gjennom år med folketalsreduksjon i distrikta, kan Ørsta vise til folketalsvekst. Vi har satsa på sentrumsutvikling, bustadtomter, nye næringsareal og arbeidsplassar, aktivitetsparkar, idrettshallar og skulebygg. Dette er viktig for å skape bulyst og investeringslyst i heile kommunen. Fylkeskommunen si satsing på ny vidaregåande skule saman med nytt kulturhus vil gi eit stort løft for Ørsta. Dette er ein direkte konsekvens av satsinga på fortetting og sentrumsutvikling som gir auka etablering og nye arbeidsplassar. 

Oppvekstreforma er ei satsing på førebygging og tidleg innsats for å få mindre kostnader til barnevern og trygdebudsjett. Dette er ei stor omstilling for å hindre utanforskap, og krev at vi prioriterer barnehage, skule og kultur. I dette ligg også arbeid mot radikalisering og kriminalitet. Kostnadane til tiltak i barnevernet (fosterheim og institusjon) har meir enn dobla eigenbetaling per månad for kommunane gjeldande frå 2022.  

Vi klarer å levere bra skuleresultat sjølv om vi nyttar 1000 kroner mindre per innbyggjar til grunnskulen enn landssnittet. Ei satsing på barn og unge må til, også om vi skal unngå store kostnader til barnevernstiltak som no er overført til kommunane. Auke i meldingar til PPT, jamfør årsmelding 2021, gir grunn til å vere obs! Kommunestyret har vedteke at det skal vere SFO på alle barneskular, og barnehageplass til alle som søkjer. Dette har økonomiske konsekvensar, men er ei svært positiv satsing på barn i alle delar av kommunen. No skal også elevane i sentrum få ny skule og vi kan “parkere” brakkene. Nytt symjebasseng er det siste store viktige prosjektet å løfte i komande økonomiplanperiode. 
 

Budsjettframlegg og økonomiplan for Ørsta kommune 

 
Med helsing 
Wenche Solheim 
Kommunedirektør 

Følg oss