Bu deg på mykje nedbør i dagane framover

varsom.no

Vêrmeldingane syner 18-35mm nedbør i dagane framover noko som kan føre til mykje overflatevatn på grunn av tele i bakken.

Ørsta kommune arbeidar med å kartlegge eventuelle utfordringar som kan oppstå. Teknisk vakt førebur mannskapet, og tida framover blir bruk til å sjekke over slukar og rister, og eventuell tining av desse. 

Sjekk gjerne at slukar og rister nært der du bur er frie for is og snø. Ver spesielt merksam på at elvar og mindre bekkar brått kan frakte større mengder med sørpe, vatn og is.

Oppdatering
Det er også meldt “Faregrad 4 - Stor snøskredfare” laurdag 16. desember.

Følg oss