Brukarundersøking vatn- og avløpstenester (VA) 2016

_BD_3392.jpg

Seksjon for tekniske tenester gjennomførte i oktober ei brukarundersøking for vatn- og avløpstenestene. Dette er gjort for å få informasjon frå brukarane, kartlegge innbyggarane sine meiningar innan tenestene vatn og avløp, og få tilbakemeldingar som gir grunnlag for målretta oppfølging.

Eit tilfeldig utval på 300 av alle abonnentar (ca 3000) fekk spørjeundersøkinga. Dette er VA-abonnentar i alle delar av kommunen.

Resultatet viser at dei fleste er godt fornøgde med tenestene vatn og avløp med ei heilskapsvurdering på 5,2. Dette er eit godt resultat på ein skala frå 1-6 der 6 er best, faktisk litt over landsgjennomsnittet.

Resultata er jamnt over gode, men i likheit med kommunar elles i landet viser undersøkinga forbetringspotensiale innan punktet service og tilgjengelegheit.

Resultata i Ørsta følgjer elles resultata for landet for øvrig; høgast score på tillit og respekt, lavast på tilgjengelegheit og informasjon.

"Tilbakemeldingane gjer kommunen trygg på at tenestene innan vatn og avløp generelt er gode. Samtidig må vi sjå nærare på korleis vi kan gi endå betre informasjon. Eitt av tiltaka vi har innført er sms-varsling, der alle som bur i eit område får direkte informasjon dersom noko skjer i deira område", seier einingsleiar Ulf Rognstad. Han legg til at eininga planlegg ei ny undersøking i 2017.

Følg oss