Bondekafe og kurs i søknad om produksjonstilskot!

Traktor - landbruk.jpgDato for å telle over dyra er 1.mai og same dagen vert det opna for å kunne søkje om produksjonstilskot - fram til 15.mai som er søknadsfristen. 

Då det vert nytt system for å søkje, byd vi inn alle interesserte søkjarar til kurs torsdag 4.mai kl 14 – 17. Kurset vert på møterom Vartdalsfjord på rådhuset i Ørsta.Kom innom på kurs/kafe og treff kollegaer, og når du reiser heim att er søknaden levert! 

 
For å få fullt utbytte rår vi til at du tek med:
Eigen PC/laptop (om du har)
BankID/kodebrikke/bankbrikke/kodebrev – det du nyttar for å logge inn i Altinn  
Notatar/utskrift over dyretalet pr. 1.mai 
Godt humør
 
Vi stiller med fullt mannskap, kaffi og enkel servering, i tillegg til at vi får besøk frå landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen. 
 
VELKOMEN!
 
NB: Om det ikkje skulle høve denne dagen, så kom innom ein dag på kontoret. Alle som treng rettleiing skal få det – men ver ute i god tid før 15.mai!
 

Følg oss