Bispevisitas 15.mars

Bispevisitas2.JPG

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, hadde onsdag 15. mars møte med ordførar Stein Aam og kommuneleiinga.

Bispevisitas.jpg

Ordføraren presenterte kommunen, ein framtidsvisjon om eit aktivt og attraktivt Ørsta, og orienterte om dei mange utviklingsprosjekta i kommunen - mellom anna sentrumsplan, fleirbrukshall, nytt legesenter, ny vidaregåande skule og Masterplan for turisme. Han framheva den store aktiviteten og breidda i lag og organisasjonar, og at svært mange var involvert i idrett og kultur. Mange legg ned eit stort arbeid i frivilleg arbeid, og dette er avgjerande for trygge og gode lokalsamfunn, ikkje minst for haldningsskapande arbeid blant born og unge.

Andre tema de kommunen har eit direkte samarbeid med kyrkja var vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar, preste-eigedomen på Sæbø, beredskap - prestane deltek i kommunen si omsorgsgruppe/psykososialt kriseteam, og internasjonal solidaritet.
 
Møtet var del av programmet i det offisielle bispevisitaset til kyrkjene i Ørsta, Vartdal, Hjørundfjord og Storfjord/Bjørke.
 
 
 

Følg oss