Bertel O Steen satsar på Mosflata

Foto: Lars Oscar Fossen Øvstegård - Klikk for stort bilete

Tidligare i år opna Eik landbrukssenter Sunnmøre sin største landbruksbutikk på Mosflata. No vel Bertel O. Steen å flytte drifta til same område.

Tidleg i 2020 vil Bertel O. Steen opne dørene til sitt nye bilvarehus og verkstad på vel 2000 kvm + tilbygg og endring av uteareal. Ombygginga startar allereie no.
 

Rådmann og ordførar på plass

Både ordførar Stein Aam og rådmann Wenche Solheim var til stade under signeringa av avtalen tysdag 9. oktober. Ordførar Stein Aam som var med på å opne Eiksenteret i april i år, gler seg over at Bertel O. Steen vel å utvide drifta i Ørsta.

“Det har vore gjort ein veldig god jobb for å lande avtalen mellom Bertel O Steen og Mosflata Næringsbygg. Særleg har Lars Oscar Fossen, vore ein pådrivar for å kople saman partane og Sparebank 1 Søre Sunnmøre».

Fann du det du lette etter?