Basiskompetanse i arbeidslivet

På biletet frå venstre : Jeanne Lusilavana, Marzanna Wardzala, Anna Szuba, Iwona Tyminska, Iwona Adamczuk, Joanna Ryczek, Irina Berlina, Filsan Hirab.

Ørsta kommune har inngått ein intensjonsavtale med Furene AS om å vere med å rekruttere deltakarar til kurs i basiskompetanse i arbeidslivet. Ørsta kommune har hatt 8 deltakarar med på kurs denne hausten.

Furene AS er kurstilbydar i basiskompetanse i arbeidslivet (BKA)  som er eit kurs i regi av VOX*. Dette er eit kurs for vaksne som vil heve eiga kompetanse i lesing, skriving, rekning og data. Med stadig nye og større krav til datakompetanse i både yrkeslivet og samfunnet elles, har dei levert fleire kurs i BKA til ulike verksemder. Dei tilpassar kursplan etter verksemda og deltakarane sine ynskjer og behov. Det er heilt opp til verksemda kva kurset skal romme.

Furene kan også bistå dersom ein har  trong for hjelp til å kartlegge språkferdigheitene for aktuelle deltakarar.

Målgruppa for Ørsta var tilsette som har behov for ei oppkvalifisering i grunnleggande ferdigheiter som lesing, skriving, rekning og digitale kunnskapar.

For arbeidsgjevar er kurset gratis, dei einaste kostnadane som kan påløpe er dersom den tilsette har behov for permisjon for å delta på kurset.

Deltakarane frå Ørsta kommune sine kommentarar til kurset:

Iwona Adamczuk, reinhaldar: Kurset er veldig bra , ein kan fordjupe seg både i skriving og lesing av norsk – oppgåvene er veldig nyttige samt at læraren er veldig opptatt av kvar enkelt elev.

Belinda Vatne ,reinhaldar (ikkje avbildet): Kurset er bra – vi gjer mange oppgåver heime sjølve og så kan vi konfrontere det vi har gjort i fellesskap med andre elevar og lærar. Læraren hjelper med å finne ut  eventuelle feil- du lærer godt på den måte. Det er veldig kjekt å vere her.

Filsan Hirab, lærling i helsefag: Kurset er bra - eg har høve til å prate meir og betre på norsk – det same gjeld skriving. Eg føler med tryggare med norsk språk. Læraren følgjer godt opp arbeidet vårt. Kan gjerne tenke meg at kurset varer i fleire timar.  

*VOX er eit nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, og er ein etat underlagt Kunnskapsdepartementet. Ei sentral oppgåve er å arbeide for auka deltaking i samfunns- og arbeidsliv ved å heve kompetansenivået til vaksne. For meir informasjon: www.vox.no

Kontakt

Agnieszka Papierska avdelingsleiar
95046369
@ Agnieszka Papierska

Følg oss