29 personar som har hatt sitt arbeid i dei ulike seksjonane var inviterte, av desse var det 20 som hadde høve til ta del.
Rådmann Wenche Solheim overrekte den kommunale avskilsgåva, ein krystallvase med kommunevåpen. Ordførar Stein Aam stod for overrekkinga av KS sitt heidersmerke som vert tildelt tilsette som har meir enn 25 år i kommunal/fylkeskommunal teneste. 7 av dei frammøtte fekk tildelt slikt heidersmerke.

Elevar frå Kulturskulen underheldt med fin musikk. Marie Synnøve Egset Haug tok dei frammøtte med på eit tilbakeblikk på utviklinga som har vore i arbeidslivet dei siste 40 åra.
