Aukande skogbrannfare

Det er høge temperaturar ute og tørt i vegetasjonen på Søre Sunnmøre. Ver varsam ved bruk av eld utandørs, også i eigen hage. 

Oske og glør frå grill, bålpanne og liknande kan flyge langt av garde med vinden og tenne vegetasjon, skog eller bygningar. Det skal ikkje mykje til, ei lita glo er nok til å starte ein skogbrann. 

Minner samtidig om det generelle bålforbodet mellom 15. april og 15. september i eller i nærleiken av skog og utmark.

Tips og råd for trygg bruk av eld ute sjå her.
 

Følg oss