Årsrapport 2020 - Samarbeidsavtale om God Helse
Årsrapport 2020
Faksimile av rapport
Ørsta kommune er ei av 20 kommuner i fylket som har inngått ein samarbeidsavtale om God Helse. Årsrapporten er no klar, og midlar er delt ut av fylkeskommunen.
Opne rapporten
Møre og Romsdal fylkeskommune har eit strategisk samarbeid med kommunane om å utvikle folkehelsearbeidet i fylket. Avtalen er forankra politisk og byggjer på God Helse-partnarskapet frå 2004 til 2019.
Formålet med avtalen er å sikre ei god samordning av folkehelsearbeidet i fylket og følge opp måla i den nasjonale, regionale og lokale folkehelsepolitikken. Avtalen skal medverke til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar.
Fylkeskommunen tildeler eit årleg tilskot på bakgrunn av politiske prioriteringar, og kommunane bidreg meg tilsvarande midlar for å følge opp eigne prioriterte arbeidsområde for å møte folkehelseutfordringane.
Publisert av Øyvind Rødset
Sist endra 29.06.2021 13:03