Årets eldsjel 2016 er Lars Oskar Fossen

eldsjel.jpg

 

Ein jury samansett av Mørenytt, ungdomsrådet, eldrerådet, næringskontoret og kommunen, mottok mange gode forslag - og har kåra Lars Oskar Fossen som mottakar av årets eldsjel i 2016. 

Juryen framhevar engasjement, positivitet, inspirasjon, Fossen er seg sjølv, samlar støtte og har fått folk til å vere stolte av sentrum. Rett person til rett tid, gir folk trua og får folk med!

Fleire har meldt inn Fossen som kandidat til denne prisen. Dette er det dei har å seie om han: 

"Fossen har gjort ein fantastisk innsats for eit flottare Ørsta. Han er ei eldsjel av dei heilt store, smørblid, alltid positiv, sterkt engasjement for heimbygda si, flink til å få ting gjort, verkar positiv på omgjevnadene - andre får lyst til å yte også. Han framstår med ein positiv energi som verkar smittande.  Med denne energien klarte han å «vekke» Ørstingen til dugnad for Ørsta Sentrum. Han klarte med overbevising og truverd å få kommune, huseigarar og den jamne Ørsting til å tru på at dette kunne ein gjere noko med – i fellesskap.”
 
"Lars Oscar  er av den sjeldne typen som folk vert glade i.  Med sin veremåte skaper han brusande entusiasme som smittar over på alle."
 
Ørsta kommune og resten av juryen håper prisen kan vere ein inspirasjon for alle i heile Ørsta til vidare engasjement og arbeid i lokalsamfunna. Prisen til Fossen er difor også ei takk og anerkjenning til personar og lag som gjer ein frivilleg innsats i lokalmiljøa rundt om i heile kommunen. Stå på vidare!
 
Prisen er i år eit samarbeid mellom Ørsta kommune, Mørenytt og Sparebanken Møre. Fossen fekk med seg diplom, og ein gåvesjekk på kr 20.000 frå Sparebanken Møre. 
 
Kriteria for prisen kan du lese om her

Følg oss