Arbeidsmiljøprisen 2014 til Barnas Vel barnehage

arbeidsmiljoprisen.jpg

Barnas Vel barnehage er ein verdig vinnar av arbeidsmiljøprisen 2014 på kr 10.000 med diplom, og eit godt føredøme for andre einingar i Ørsta kommune. 

Arbeidsmiljøutvalet har gjort vedtak om å tildele prisen dette året og ser at barnehagen utmerkar seg blant godt kvalifiserte søkjarar.
 
 

Største kommunale barnehage

Barnas Vel barnehage er den største kommunale barnehagen med i alt 6 avdelingar fordelt på tre bygg. Frå hausten 2012 vart Kløverhagen barnehage og Barnas Vel barnehage slått saman, samstundes som det nye bygget kom på plass. To godt innarbeidde kulturar skulle smeltast saman til ein.
 
Personalet i dei to barnehagane sette ord på korleis dei vil ha det på arbeidsplassen og kva som skal kjenneteikne den nye barnehagen. Korleis skal vaksenrolla vere, kva er kvalitet i arbeidet i møte med barn og foreldre. Alt dette har vorte nedfelt i ein Mål- og kvalitetsplan for barnehagen. Denne planen syner mål og kvalitet i dei ulike kvardagssituasjonane, og kva krav dette stiller til personalet.
 
Barnehagen kan syne til eit godt IA-arbeid, og ein vesentleg reduksjon i sjukefråværet. Resultatet i arbeidsmiljøundersøkinga 2014 syner ein god framgang frå 2013 både i høve til trivsel og oppslutning om undersøkinga.
 
Arbeidet til Barnas Vel barnehage har stor overføringsverdi for andre einingar i kommunen. Barnas Vel får tydeleg fram samanhengen mellom arbeidsmiljø og tenestekvalitet.
 
Vi gratulerer Barnas Vel barnehage med arbeidsmiljøprisen 2014!
 

Følg oss