Orkesteret endra namn i år til Sunnmøre ungdomssymfoniorkester, det er det einaste ungdomsorkesteret her omkring.
Kulturskulane i Ørsta og Volda eig og driv orkesteret som har omlag 75 medlemmar. Her blir det øvd og jobba godt med gode lærarkrefter. Det er snart 40 år sidan orkesteret arrangerte adventskonsert for fyrste gong. Eit stort engasjement og frivillig innsats ligg bak.
Å få lov å vere publikum og høyre eit program med julesongar og andre spelestykke gjer godt for kropp og sjel.
På vegne av alle som har medverka fekk dirgent Sverre Sørdal overrekt ei blomsterhelsing frå Ørsta kommune med takk for adventskonserten.
Karen Høydal, varaordførar.
