Legatet skal vere ”til beste for jordbruket og skogsakens fremme i Ørsta herred”, står det i stiftingsbrevet. Styret for legatet er ein representant frå Aarsæther-familien, 3 valde politikarar frå kommunestyret og ordførar, som er leiar for styret.
Utdeling av pris
Det kan delast ut jord- og/eller skogbrukspris frå legatet, og det kan delast ut ærespris. Det har vore delt ut prisar nesten årleg i desse 100 åra, men pga. låge renteinntekter siste åra, har det vorte lenger mellom tildelingane. I jubileumsåret vert det sjølvsagt utdeling, dette vert seinare i år. Diplomet som fylgjer prisen, er teikna av Karl Straume i 1953.
.jpg)
