Aarsæther-prisutdeling 2025

Hans Nicolai Oppegaard Hovdenakk og Jan Eldar Hovdenakk tar mot diplomen frå ordførar Per Are Sørheim. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

Under kommunestyremøtet torsdag 12. juni delte ordførar Per Are Sørheim ut årets pris frå Aarsætherlegatet.

Prisvinnarane var Jan Eldar Hovdenakk og Hans Nicolai Oppegaard Hovdenakk

Styret i Aarsætherlegatet har vedteke å dele ut ein jordbrukspris i 2025, sist det vart delt ut prisar frå legatet var i 2022 og 2018.

Prisen går til far og son; Jan Eldar Hovdenakk og Hans Nicolai Oppegaard Hovdenakk. Prisen er i utgangspunktet for god innsats i jordbruket, men i dette tilfellet også for bruk av garden sine ressursar til nysatsing og innovasjon i landbruket.

Heimgarden er Sollid - gnr 36 bnr 11 i Hovdenakken, der Jan Eldar og resten av storfamilien bur. Jan Eldar tok over heimgarden etter broren i 2004/2005, og flytta heimatt frå Stavanger.

I starten var det Vassenden samdrift som disponerte areala på bruket, men etter nydyrking av om lag 100 da i 2011/2012, vart det mogleg å starte med hjorteoppdrett på garden. Hovdenakk hjort AS vart starta i 2015, av Jan Eldar og Hans Nicolai ilag med son/bror Per Andreas Oppegaard Hovdenakk. I 2019 sto nytt viltmottak/-slakteri klart, og i tillegg overtok dei Vassenden samdrift AS, som driv med mjølk- og kjøttproduksjon på storfè med utgangspunkt i samdriftsfjøsen i Vassenden, og som sto i fare for å verte nedlagt.

I 2024/25 driv Vassenden samdrift mjølk- og kjøttproduksjon med ca. 70 mjølkekyr og 130 andre storfè. Areal i drift er 625 da fulldyrka og 177 da beite. Det vert leigd 5 mjølkekvoter som totalt er på 575 000 liter i 2025. I tillegg til mjølk vert det produsert 20 – 25 tonn kjøtt pr. år.

Hovdenakk hjort hadde hausten 2024 88 vaksne hjort og 45 hjort under 1 år. Disponert areal 160 da fulldyrka og 60 da beite. I tillegg til eigne hjort vert det slakta hjort frå to andre oppdrett, og teke inn dyr frå vanleg hjortejakt; totalt vert om lag 300 hjort partert og pakka i året.

Noko av kjøttet vert pakka/foredla og selt under merkevara Hovdenakk hjort, som biff, hjorteburger, spekepølser, m.m.. Mykje vert selt til hotell og restaurantar i området, og gjennom Rekoringen.

Hans Nicolai jobbar på heiltid i dei to føretaka, medan Jan Eldar har 50% stilling i Nordsjøen. Per Andreas deltek mest i Hovdenakk hjort, og resten av familien bidreg også i drifta.

Vassenden samdrift, og Hovdenakk Hjort, driv mykje jordbruksareal i Hovdenakken og i Åmdalen, som elles kunne stått i fare for å ikkje verte hausta. Viktigast er likevel matproduksjonen frå desse føretaka, med mjølk- og kjøttproduksjon. I tillegg er det satsa på utvikling og vidareforedling av eigne  råvarer, med oppbygging av slakteri-/viltmottak og produksjon av kjøttvarer.

Det er ikkje tvil om at det ligg stor arbeidsinnsats bak denne produksjonen, og dette skaper også ringverknader i lokalsamfunnet.

Vi takkar for innsatsen så langt, og håpar at de held fram.

Ordførar overrekker måleriet av Kjell Idar Saure. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

 

Om Aarsætherlegatet

Aarsætherlegatet vart oppretta i februar 1918, til minne om Anders Knudsen Aarsæter og hustru Marte Nilsdatter Aarsæter, og legatet skal vere ”til beste for jordbruket og skogsakens fremme i Ørsta herred”, slik heiter det i stiftingsbrevet. I starten var legatet mykje ein jorddyrkingspris, og det har også vore delt ut stipend frå legatet, i tider med høgare renteinntekter enn vi har no.  

Prisen består av ein diplom, som er teikna av Karl Straume i 1953. Og i tillegg får prisvinnarane lokal kunst, som i år er eit måleri av Kjell Idar Saure.

Prisen vart delt ut sist i 2022. Styre for legatet er ein representant frå Aarsæther-familien, 3 politikarar valde av kommunestyret, og ordførar, som er leiar for styret. 

Følg oss