Aarsæther-prisutdeling 2022

(F.v.) Prisvinnar Arnt Magne Engeseth, ordførar Stein Aam og prisvinnar Dagfinn Barstad. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset
Under kommunestyremøtet torsdag 16. juni delte ordførar Stein Aam ut to prisar frå Aarsætherlegatet på Ørsta rådhus. 

Om Aarsætherlegatet

Aarsætherlegatet vart oppretta i februar 1918, til minne om Anders Knudsen Aarsæter og hustru Marte Nilsdatter Aarsæter, og legatet skal vere ”til beste for jordbruket og skogsakens fremme i Ørsta herred”, slik heiter det i stiftingsbrevet. I starten var legatet mykje ein jorddyrkingspris, og det har også vore delt ut stipend frå legatet, i tider med høgare renteinntekter enn vi har no.  

Prisar frå legatet har ikkje vore delt ut årleg siste perioden, og no har det gått 4 år sida sist, det var i 2018 då legatet var 100 år. Då vart det delt ut ein jord- og skogbrukspremie og ein ærespremie.

Styre for legatet er ein representant frå Aarsæther-familien, 3 politikarar valde av kommunestyret, og ordførar, som er leiar for styret. Styret hadde møte 23. mai i år, og det vart vedteke å dele ut to jord- og skogbruksprisar i år.

Prisen består av ein diplom, som er teikna av Karl Straume i 1953. Og i tillegg får prisvinnarane lokal kunst, som i år er kvar sitt måleri av Rune Innselset.

 

Om prisvinnarane

(F.v.) Arnt Magne Engeseth og Dagfinn Barstad. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset


Arnt Magne Engeseth

Arnt Magne Engeseth tok over gnr 16 bnr 6 på Engeset etter onkel til far hans, Inge Engeseth, i 1995. Garden heiter Sandbrauta.

Drifta har vore mjølk- og kjøttproduksjon på storfè. Mjølkekvota var på 35 000 liter då han tok over, og han har kjøpt kvote og leiger kvote, slik at han no disponerer ei kvote på 212 000 liter. Han har om lag 30 mjølkekyr  + ungdyr i fjøsen.

Då Arnt Magne overtok garden var det fleire eldre bygningar i tunet, og han starta allereie i 1995 med å bygge ny båsfjøs til mjølkekyr. Etter det har han bygd i fleire omgangar, med påbygg av fjøsen i 1999, reiskapshus tidleg på 2000-talet, og bustadhuset er totalrenovert. I 2015/-16 vart det bygd ny ungdyrfjøs.  No vurderer han å bygge ny lausdriftsfjøs, for å oppfylle krava som kjem i 2034, og har planane klare for byggeprosjektet.

I tillegg til eige jordbruksareal driv han mykje leigejord i sentrumsområdet i Ørsta, og leiger frå mange grunneigarar, også Ørsta kommune. Om vinteren driv han med snøbrøyting, så arbeidsinnsatsen viser tydeleg att i Ørsta sentrum. I tillegg til dette driv Arnt Magne med rundballepressing for andre, og med kalkkøyring.
 

Dagfinn Barstad

Dagfinn Barstad tok over Massgarden - gnr 30 bnr 3 og 9 på Follestad i Follestaddalen, i 1996, etter foreldra.

Drifta har vore mjølk- og kjøttproduksjon på storfè. Mjølkekvota var på 70 000 liter då han tok over, og no disponerer han 151 000 liter, med eiga og leigd kvote. Talet på mjølkekyr er om lag 20 stk, i tillegg kjem ungdyr. I tillegg til eige areal driv han leigejord frå andre grunneigarar i Follestaddalen.

Dagfinn bygde nytt bustadhus på garden, og flytta inn i 1998. For 2 – 3 år sidan bygde han nytt reiskapshus/saghus, og han driv med litt vedproduksjon for sal. Han har tidlegare drive med bygningsarbeid og leigekøyring i tillegg til eiga gardsdrift.

Dagfinn har i mange år opna fjøsen for avløysarkurs som avløysarlaget har hatt, og har på den måten bidrege til at nye avløysarar har fått god og nødvendig praksis.

Følg oss