8. mai 2020 - 75 år jubileum for frigjeringa

Ingeborg Myklebust Bjørneset   Ordførar Stein Aam la i dag ned blomsterkrans på bautaen for dei falne under krigen med desse orda:

I dag er det 8. mai og 75 år sidan Noreg vart eit fritt land, fritt frå tysk okkupasjon.

Denne dagen er den viktigaste minnemarkeringsdagen i Noregs historie.

Mange av våre landsmenn og –kvinner måtte bøte med livet for at vi som kom etter skulle få eit fritt liv.

På vegne av Ørsta kommune vil eg i takksemd heidre desse personane, og legg ned ein blomsterkrans på bautaen her ved Ørsta kyrkje.

Følg oss