
Vi har spurt fem ørstingar og fem voldingar om kva dei meiner om samanslåing av Ørsta og Volda. I dag er det dei to siste som svarer; Runar Bjørdal frå Ørsta og Lidvard Hjelle frå Volda.
Runar Bjørdal, Ørsta
Nei. Vi er no to bygder og to forskjellige bygder. Eg trur Ørsta greier seg godt åleine. Vi har no Amfi!

Lidvard Hjelle, Volda
Ja, og for meg kan ein like godt ta med Hornindal og Stryn også. Ein er for små til å stå åleine, men om det er noko økonomisk å vinne på å slå seg saman så lenge fylkeskommunen består, det veit eg ikkje. Men ein er sterkare om ein er større.
Publisert 17.05.2016 08:22