5 på gata

Lone Knutsen.jpg

Vi har spurt fem ørstingar og fem voldingar om det bør bli ein ny Volda-Ørsta kommune. I dag svarer Lone Ellingvåg Knutsen frå Ørsta og Andreas Nybø frå Volda. 

Lone Ellingvåg Knutsen, Vallabøen, Ørsta

Ja. Det meiner eg absolutt. Det gir meining og eg trur også at det er lurt å gjere det frivilleg. Ørsta vil fortsatt vere Ørsta og Volda fortsatt Volda, men i lag får ein styrke. Og så må ein finne eit anna namn, eit felles som ein kan einast om og som ikkje er eit bindestrek-namn. Bindestrek høyrest berre ut som om ein ikkje vart einige om noko anna.

Andreas Nybø.jpg

Andreas Nybø, Volda
Det er no så å seie same kommunen i dag, men ein har no alltid hatt litt kamp i mellom desse to kommunane, så kanskje, kanskje ikkje…. Eg veit ikkje, men om eg skulle måtte seie ja eller nei i dag, så hadde eg nok bikka ned på nei.

Følg oss