5 på gata

Adrienne Eikrem, Ørsta

Bør Ørsta og Volda slå seg saman? Vi har spurt fem ørstingar og fem voldingar om kva dei meiner. I dag kjem svar frå Jon Brente frå Volda og Adrienne Eikrem frå Ørsta. 

Adrienne Eikrem, Ørsta

Eg veit ikkje. Eg tenkjer at det ikkje er så farleg anten det blir slik eller sånn, men dette med namn synest eg det er farleg med. Eg trur at andre plassar i landet så kjenner fleire Volda-namnet enn Ørsta, men så vil eg no at Ørsta skal heite Ørsta, og bindestrek blir litt rart….

Jon Brente, Dalsfjorden, Volda.jpg

Jon Brente, Dalsfjorden, Volda

Ja. Eg har alltid tenkt at Volda og Ørsta burde slått seg saman. Det er ikkje noko viktig sak for meg, for ein er allereie i praksis ein kommune. Sånn som eg som bur i Dalsfjorden og jobbar i Ørsta, så er eg like mykje i Ørsta som i Volda. Eg trur også det er viktig å vere i forkant og at ein ikkje blir slått saman til ein gigantkommune med for eksempel ytre, søre.

Følg oss