392 turmål i vinterens Stikk UT!

Vinter 2023-24. Fv.: Liv Synnøve Hoel, Stig Aambø og Hilde Ellingsæter. Stikk UT!

15. desember brakar det laus med ny vintersesong for Stikk UT! der du kan velje mellom 159 skiturar og 233 fotturar. 

–Ta deg ein tur ut og opplev det fine lyset, stjernehimmel, vintervêret og fint skiføre. Inviter gjerne med deg ein turven. Det gjer godt for kropp og sjel, oppfordrar Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som er ansvarlige for Stikk UT!. 

Større satsing og kilometervis med løyper

Stikk UT! Vinter er eit samarbeid mellom friluftsråda i fylket, Sparebanken Møre og Wattn, 50 skiklubbar i Møre og Romsdal skikrets, skisenter, løypelag, deltakarkommunar og mange dyktige frivillege. Alle kommunane i Møre og Romsdal, Heim i Trøndelag og Bjorli i Lesja kommune er med. Friluftsråda har denne vinteren større satsing med både skiturar og fotturar og ønsker å få med endå fleire deltakarar. 

– Mange dyktige frivillege har gjort ein fantastisk jobb med å legge til rette for at nettopp du kan kome deg ut på tur. Dei har hengt opp Stikk UT!-skilt, kodeklistremerke og laga turomtalar som kan inspirere deg til å kome deg ut på tur, seier Hilde Ellingsæter.


Stikk UT! Ski 

– Dei som køyrer trakkemaskinene har rusta seg på ny sesong og er klar til å lage kilometervis med fine skispor så snart snøen gjer det mogleg. Status på trakka skiløyper ser ein i Stikk UT!-appen der løyper.net er integrert, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets. 
Blant dei 159 ski-turmåla er dei fleste er med oppkøyrde spor, men nokre turmål er også lagt utanfor løypenettet. Dette er turar som eignar seg best med fjellski eller randoneeski.
 

Guttorm Øye

På tur vinterstid

– Å komme seg ut om vinteren er enklare enn ein trur. På dei fleste nærturar er det nok å kle seg godt og varmt, ta på gode sko og komme seg ut døra, seier Ellingsæter. 

Friluftsråda og skikretsen har også gode tips som du kan følge. Kle deg etter vêret, ta med ein liten sekk med varm drikke, ei ekstra jakke, matpakke/tursnacks, hovudlykt og eit par broddar for dei som går på beina. Sjekk turomtalen og vêrmelding. Då er du godt førebudd til fine turopplevingar.

Mange turmål går også til gapahukar eller passerer ein. Fleire gapahukar har gruer der ein kan fyre opp bål så hugs gjerne litt ved og fyrstikker. Eit bål varmar godt og det er koseleg å sitje saman med ein turven å nyte bålet og vinterlandskapet.
 

Å komme seg ut i mørketida er viktig for helsa

Friluftsråda har statistikk frå tidlegare sesongar som viser at det er jamn aktivitet gjennom vekedagane, med eit lite hopp i helga der søndagsturen framleis er populær. 

– Vi heiar på kvardagsaktiviteten. For kvart steg vi tek så vil kropp og sjel merke ein positiv effekt. Stikk UT! Bedrift er eit godt tiltak for å motivere kollegaer til å vere aktiv i vintersesongen og det ser ut som fleire bedrifter enn noon gong har meldt seg på denne vintersesongen, seier Ellingsæter, og oppfordrar endå fleire bedrifter til å motivere tilsette gjennom dette.
 

Premiar for Stikk UT! Sammen

Stikk UT! Sammen er eit konsept for å få endå fleire på tur saman. Å førebygge einsemd og fremje turglede er ein viktig bodskap for Stikk UT! Sammen. 

– For første gong har vi eit enkelt konsept både i app, på stikkut.no og brosjyre som alle kan ta i bruk. Delta ved å Gå fem turar sammen med en turvenn og meld deg på månadlege trekkingar av turpremiar med Stikk UT!-logo, oppfordrar friluftsråda.
Stikk UT! Vinter varer heilt fram til 15. april. 

– Vi ønsker alle god tur og håpar deltakarane blir inspirert til å komme seg ut og får mange fine turopplevingar gjennom vinteren, avsluttar Ellingsæter.

Stikk UT!-vinterturar i Ørsta

329. Daleteigane, Ørsta
330. Fonnvernet
331. Gapahuken mot Ossetra
332. Gapahuken på langrennsstadion, Bondalseidet 
333. Gapahuken Skåla
334. Hamneparken rundt (ny)
335. Hjartebenken
336. Hustadneset
337. Indrehovdeåsen (ny)
338. Melssetra
339. Okla (Pølsa)
340. Osberget
341. Rjåneset
342. Sætrevegen (ny)
343. Vielvbrua, lysløypa Bondalseidet
344. Vikeelva-Vinjevoll rundtur (ny)
345. Ytrehovdeåsen, rundtur
346. Åmskaret, Ørsta

Sjå alle Stikk UT!-vinterturane i fylket

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss