Brannvesenet i Møre og Romsdal rykte ut til 35 bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt rett under tre nattbrannar kvar einaste månad - heile året igjennom - berre i fylket vårt. No ber brannsjef om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månader.
- Når det brenn, er kvart sekund avgjerande. Ein overlever ikkje lenge i ein bustad som raskt fyllest opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidleg varsling for å redde seg sjølv og dei ein bur saman med, seier Thomas Winther Leira, brannsjef i Ørsta.
Byt batteri i røykvarslaren
Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.
- Ein fungerande røykvarslar er vaken og følgjer med, også når du søv. Sjå til at du går brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrer varslaren godt, seier Leira.
Desember og januar mest brannfarleg
Desember og januar er dei mest hektiske månadene i året for brannvesenet i Noreg.
- Vi trekkjer innandørs, fyrar i peisen, lagar meir mat på komfyren og tenner lys. Dette gjer at sansynlegheita for at det oppstår ein brann aukar vesentleg denne tida.
Lokale arrangement
Ørsta brann og redning saman med EL-tilsynet vil ha stand på ALTI den 29.November, frå 11:00 til 15:00. På standen vil vi informere om branntryggleik og dele ut batteri til røykvarslarar (9V).
Brannvesenet vil saman med eltilsynet også gå kontroll med enkelte bustadhus i kommunen denne veka. Her vil ein sjå på røykvarslaranne, sløkkjeutstyret, elanlegget, eldstaden(e) og rømmingsforholda, samt kome med råd og rettleiing knytt til branntryggleiken generelt.