250 000 kroner til utlånssentralen og gratis ferieaktivitetar

F.v.: Rune Strømmen, Dag Aukrust, Preben Trellevik, Rebecca Riise Bjerknes, Are Ørstavik, Stine Riise og Espen Johannesen Sæther. Ørsta kommune

Ørsta kommune har fått tilskot frå Bufdir gjennom ordninga "Tilskot til inkludering av barn og unge 2022".

100 000 kroner av disse skal nyttast til utlånssentralen. Utlånssentralen er drifta av småjobbsentralen og har alt i frå ski til sparkesyklar og skateboards,  som den som vil i Ørsta kan låne utan kostnad. Utlånssentralen hadde ein del utstyr frå før, men det var både behov for meir og for opprusting. Les meir om Utlånssentralen her.

150 000 kroner skal gå til gratis ferieaktivitetar. Prosjektet heiter Feriemoro og er eit samarbeid mellom frivilligsentralen og flyktningkontoret. Målet er å gi born og familiane deira gode opplevingar i feriane. Målsettinga er å hindre utanforskap, verkemiddelet er moro.

"Utruleg kjekt at vi fekk fult tilslag på søknaden vår, i eit år det kanskje er viktigare enn nokon gong." seier Rebecca  Riise Bjerknes.

Følg oss