Veke 18: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 02.05.23 – 09.05.23

  • Denne veka har alle brannkonstablar i Ørsta brann og redning hatt rekvalifisering førstehjelp og hjerte lunge redning. Ørsta brann og redning sine konstablar ved Ørsta, Vartdal, Sæbø og Øye er akutthjelparar og skal vere akuttressurs ved alle helseoppdrag der ambulansen er langt unna eller er på anna oppdrag.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på røykdykking . Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann. Det er ei risikofylt oppgåve som krev jamleg øving for å kunne utføre den på ein forsvarleg måte.
  • 21:55 Måndag kveld rykte vaktlag 3 ut til to ungdomar i gummibåt på Ørstafjorden som dreiv av gårde ut fjorden. Ørsta Røde kors si båtgruppe var kontakta og overflatereddarar var kledd opp. Røde kors båten plukka opp overflatereddarar og rykte ut til båten. Ungdomane var våte og kalde og vart raskt lokalisert og tatt om bord i båten. Ni minutt etter at alarmen gikk var dei plukka opp. Etter dei var komt til land var dei sett til av ambulansepersonell. Stor takk til Røde Kors for vanvittig rask respons!
Bildet viser redningsperson som sit ei ein båt. - Klikk for stort bileteUt på fjorden. Ørsta brann og redning