Veke 15: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 11.04.23 – 18.04.23

  • Tysdag 14:00 – 16:00 øvde brannkonstablane på Øye på samband. Brannkonstablane, særskildt på bygdene, er som regel først på staden på alle hendingar. Det dei ser og får med seg ver derfor esensielt for den vidare innsatsen. At dei er gode på samband og få informasjon raskt ut til alle naudetatane for at ein skal få ut nok ressursar og rett ressursar stå tidleg som mulig er svært viktig. For å gjere dette må brannkonstablane ha oversikt over kva kanalar som er viktig til kva hendingstype, korleis dei strukturerar meldingane for å gjere seg forstått og skape felles situasjonsforståing, samt kva muligheiter ein har til å sende og motta informasjon.
  • Onsdag og torsdag var det arrangert fagdag og årsmøte i interkommunalt utval mot akutt forureining (IUA). Dette er eit samarbeid Ørsta har saman med dei andre kommunene på Sunnmøre. Hensikta med samarbeidet er å ha ein god samla beredskap i tilfelle større akutte forureiningar. Til eks. lekkasje frå tankskip eller andre større utsleppskjelder.
  • 18:00 – 21:00 Onsdag kveld hadde vaktlag 3 og 4 sitt årlege varme røykdykk. For å vere røykdykker er det krav om minst eit varmt røykdykk pr. år. Her skal ein søke etter sakna i reel brannrøyk og kjenne på varmen i overtenningskonteinar.
  • 08:27 Fredag formiddag rykte ØBR ut til trafikkulukke ved flyplassen. Einsleg bil hadde køyrd inn i gjerdet og hamna på sida. Den forulukka var teke hand om av ambulansen. Brannvesenet kontrollerte bilen for lekkasjar og temperaturar. Politiet tok seg av trafikkdirigeringa.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på medmenneskelige faktorar. Brannkonstablane er ute på mange ulike akutte hendingar. Alt frå alvorlege trafikkulukker og drukning til reine helseoppdrag med hjertestans og psykiatri. Det er då viktig at brannkonstablane kjenner seg trygg og har nokon å prate med for å be arbeide eventuelle tankar ein sitt at med. Dette har vi faste rutiner for med defuse og debrief etter hendingar.