Veke 14: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 04.04.23 – 11.04.23

  • 20:35 Tysdag kveld rykte vaktlag 2 ut til dyreoppdrag i Åmdalen. Katt hadde sittet fast oppe i eit tred sidan kl 14. Brannkonstablane køyre stigebilen opp og fekk henta ned katten og gjenforena den med eigar.
  • 18:54 Torsdag kveld rykte innsatsleiar brann ut for kontroll av antatt diesellekkasje i Ørsta småbåthamn. På staden vart det konkludert med at utsleppet var så lite at det ikkje var aksjonerbart.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på medmenneskelige faktorar. Brannkonstablane er ute på mange ulike akutte hendingar. Alt frå alvorlege trafikkulukker og drukning til reine helseoppdrag med hjertestans og psykiatri. Det er då viktig at brannkonstablane kjenner seg trygg og har nokon å prate med for å be arbeide eventuelle tankar ein sitt at med. Dette har vi faste rutiner for med defuse og debrief etter hendingar.
  • 18:05 Laurdag kveld rykte vaktlag 3 ut til mogleg sotbrann i Åmdalen. Fritidsbustaden hadde stått tom sidan torsdag og naboar hadde reagert på røyk frå røykkanalen. Etter nærar inspeksjon viste det seg at det brann inne i røykkanalen mellom kjellar og 1.etg. Røykdykkar var sendt på taket med stigebil. Kule vart sendt ned og fekk opna ein plugg. Sot var teke ut i kjellar. Orsaken til pipebrannen viste seg å vere sot som hadde samla seg opp og plugga røykkanalen, dette hadde låge å ulma sidan torsdag. Huseigar fekk fyringsforbod til feiar har fått kontrollert for sprekkar og feil.